Dette er Sognasmak

Sognasmak er eit informasjons- og opplevingssenter for lokal mat og drikke, med eige utsal på Håbakken i Lærdal. Målet vårt er å spreie informasjon og kunnskap om regional matkultur, råvarer og produkt.

Vi er stolte av å saman med regionale bønder kunne bidra til å samle og styrke Sogn som matregion.

I tillegg å selje lokalmat, satsar vi på opplæring, kurs, arrangement og andre forsking- og utdanningsprosjekt knytt til produksjon av frukt, grønt, mat- og drikkeprodukt.

Som selskap driv vi ut frå prinsipp om nonprofit, og utan utbyte til eigarane. Eventuelt overskot skal nyttast til å styrke selskapet og dei aktivitetane selskapet skal drive.