Skap Unike Julegaver med Sognasmak for Din Bedrift!

Vi nærmar oss julehøgtida, og det er på tide å tenkja på dei perfekte gåvealternativa for dine tilsette, samarbeidspartnarar og kundar. I år gir Sognasmak deg mulegheiten til å skreddarsy julegåvene til bedrifta eller føretaket ditt, slik eit dei vert unike, sunne og personlege.

Skreddarsydde julegåver for di verksemd:

Hjå Sognasmak forstår vi at kvar verksemd har ulike budsjett og behov. Difor kan vi no tilby skreddarsydde julegåvetenester som gir deg mulegheit til å velja både pris og produkt du ynskjer å inkludera i dine gåvepakkar. Slik vert gåva frå deg til dine tilsette, kundar og forretningssamband noko unikt!

Slik fungerer det:

Fortel oss kva som er ditt budsjett. Gje oss melding om prisklassen du ynskjer å halda deg innanfor. Uansett om du ynskjer ei enkel lita gåve, om du vil visa ein god porsjon måtehald, eller om du vil dra på litt, så har vi i Sognasmak løysinga for deg.

Vel produkta du vil ha: Utforsk vårt store utval av førsteklasses produkt, alt frå lokalprudusert mat og drikke til gourmetgodteri og eksklusive interiørartiklar. Miks dette akkurat som du sjølv vil og set ditt perosnlege preg på gåvepakken.

Legg til ein personleg touch: Ynskjer du å inkludera ei kjærleg melding eller ei personleg helsing? Berre gje oss melding, så ordnar vi det.

Sjå døme:

For å gje deg ein ide om kva som er mogleg, har vi lagt ved nokre døme på skreddarsydde julegåver for bedrifter. Dette er berre døme; her kan du sjølv velja og vraka nett som du vil innan ulike tema og stilar. Vi har også ulike alternativ for innpakking av gåvene, slik at du kan velja det du likar best.

Kvifor velja Sognasmak?

Kvalitetsprodukt: Vi vel kun dei beste varene for å sikra at gåvene dine er av høg kvalitet. Det aller, aller meste hjå oss i Sognasmak er dyrka, utvikla og produsert i Sogn.

Enkelt, praktisk og minnerikt: Vi har gjort det enkelt for deg å setja saman gåvepakkar, du handlar lokalt, produkta er tufta på sunne råvarer og vil vara lenge og samstudes viser den fram breidden og kvaliteten i landbruket i Sogn!

Ikkje vent til siste liten med å gjera årets julehandel; set i gang handelen din i dag, gje oss melding om korleis du vil ha det og så fiksar vi resten!

Besøk butikken vår på Håbakken eller ta kontakt over telefon eller email: post@sognasmak.no, så hjelper vi deg med handelen. I år kan du verkeleg gje gåver som skil seg ut, lokalt produserte gåver som er sunne og smakfulle, og som skil seg ut frå alle andre! Velkomen til oss!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.